Ein takstrapport er eit verdidokument. Ein god og utfyllande takstrapport er avhengig av kunden/rekvirenten si aktive deltaking og informasjon om takstobjektet.

Dokument som er aktuelle når Takstingeniøren kjem på synfaring:

Målebrev (dokumentasjon på tomteareal og grenser)
Skøyte (tinglyst dokument som stadfestar eigedomsretten)
Situasjonskart (kartskisse som viser tomt og bygningar mv.) - fins også på nett
Teikningar av bygg (mål 1:100, gjerne arbeidsteikningar 1:50)
Dokumentasjon av arbeider på våtrom og handverksarbeid siste 5 år.
Samsvarserklæring el-installasjonar / rapport frå tilsyn
Ferdigattest eller mellombels bruksløyve
Kvittering offentlege avgifter (renovasjon, feiing, vatn/avløp, eigedomskatt)
Forsikringspapir
Likningsverdi (formue - sjå siste års sjølvmelding)
Evt. kjøpekontrakt / leigekontrakter
Festekontrakt (gjeld ved festetomter) NB - skal leggjast fram!
Tidlegare takstrapportar (kan gje nyttig informasjon om tilstand/utbetringar mv.)

For eigarseksjonar også:

Fellesutgifter
Vedtekter
Årsmelding med rekneskap
Gjerne planteikning med seksjonen innteikna

For burettslagsleilighetar også:

Opplysningar frå forretningsførar.
Fellesutgifter, gjeld/formue, vedtekter, årsmelding

Generelt.

Kva dokument som er naudsynt under befaringa, er noko avhengig av føremålet med taksten. Avhending utan hjelp av eigedomsmeklar eller advokat vil krevja fleire opplysningar enn ved skifte mellom arvingar.

Våre prisar byggjer i utgangspunktet på at rekvirenten sjølv skaffar naudsynt dokumentasjon og har denne tilgjengeleg ved synfaringa. Du kan også sjølv kontrollera eigedomsdata hjå Statens Kartverk - http://www.seeiendom.no/
Kontroll av Matrikkelen (eigedomsdata og heimelshavar) og Grunnbok (elektronisk utskrift) er inkludert i Norsk takst sine skjematur.

Kontroll av byggesak etter nærare avtale.

Ved takstformat Tilstandsrapport for bolig skal seljar si eigenerklæring vera utfylt og signert.

Vi kan senda deg slikt skjema ved tinging av takst.
Dersom dette skjemaet er utfylt hjå eigedomsmeklar, må Takstingeniøren få tilgang til dokumentet.