Prisar på våre produkt og takseringstenester er avhengig av type takstobjekt, storleik på takstobjektet, type takstrapport og reiseavstand. Prisdøme er til forbrukar.

Prisliste
takseringstenester
Prisar
inkl. mva
Verditakst Tilstandsrapport med verdi
Andelsleilighet 7000 13000
Eigarseksjon leilighet 7000 13000
Einebustad normal storleik 7000 18000
Einebustad med utleigedel 9000 20000
Hytte/fritidseigedom 7000 15000
Verdivurdering for finansiering 5000
Øvrige tenester be om tilbod
Generell timepris kr. 1200 + mva 1500,00

Prisar er rettleiande til forbrukar og gjeld område med inntil 30 minutt køyretid frå Vossevangen. Bompengar og ferge kan koma i tillegg.

Forhåndstakst, byggelånskontroll, reklamasjon, skade, naturskade og tekniske tenester - ta kontakt for eigne vilkår.

Be gjerne om konkret pristilbod - telefon 911 79 789 eller bruk vårt kontaktskjema - Tinging av takst.

Alle prisar byggjer i utgangspunktet på at rekvirenten sjølv skaffar naudsynt dokumentasjon og har denne tilgjengeleg ved synfaringa. Sjå meir om dette i lenke Tinging av takst under Aktuelle dokument.

Du kan også sjølv kontrollera eigedomsdata hjå Statens Kartverk - www.seeiendom.no. Her kan du også lasta ned elektronisk utskrift av grunnboka.

Kontroll av matrikkelen (eigedomsdata og heimelshavar) og Grunnbok er inkludert i Norsk takst sine skjematur ved verditakst.
Kostnadar ved anna dokumentinnhenting kjem som tillegg - spesifisert og avtala på førehand.

Rutine ved rapportar - korrektur, tidsfristar og utskrift

Normalt skal ein kurant takstrapport frå oss vera klar 5 -10 arbeidsdager etter synfaringa (avhengig av type rapport og omfang). Takstrapporten blir så sendt til rekvirenten via e-post og i format PDF.
Rekvirenten må snarast lesa grundig gjennom rapporten og sjå om det kan vera feil i faktaopplysningar. Vidare kan det vera andre punkt i rapporten som rekvirenten har spørsmål rundt eller ynskjer og drøfta med takstingeniøren. Generell frist for slik tilbakemelding er sett til 7 kalenderdagar.
Takstrapportar og faktura blir levert elektronisk i filformatet .pdf. Vi kan også senda deg papirutskrift dersom du ynskjer dette. Fargeutskrift kr 2 pr side A4, porto og tidsbruk.

Generelt er ein takstrapport gyldig i 6 mnd. Tilstandsrapport bustad er gyldig i 12 mnd (ny forskrift 2022). Dersom det er trong for oppdatering av takstrapporten etter dette, må ein kontakte rapportansvarlig for avtale om ny befaring. Ny befaring er naudsynt for å sikra at takstobjektet framleis er i same stand som ved fyrste befaring.

Generelt om opplysningar

Takstingeniøren er avhengig av kunden/rekvirenten si aktive deltaking og informasjon om takstobjektet for å skriva ein god takstrapport.
Juridisk er samanhengen slik at rekvirent/eigar også er ansvarleg for opplysningane i takstrapporten, i den grad at takstingeniøren må byggja sin rapport på informasjon frå den som best kjenner takstobjektet.

Bruk av takstdokumentet

Ein takstrapport er eit fortruleg dokument som er rekvirenten sin private eigedom. Ofte har ein eigedom fleire eigarar (heimelshavarar) og rapportansvarleg takstingeniør må leggja til grunn at alle relevante eigedomsopplysningar blir framlagt av rekvirent og at denne har fullmakt til å opptre på vegne av alle eigarane. Dersom rekvirenten ynskjer at takstdokumentet delast med medeigar, sendast vidare til meklar, låneinstitusjon eller andre, skal takstingeniøren henta inn skriftleg løyve til dette frå rekvirenten. Normalt kan slikt løyve gjevast ved melding i e-post.
Takstrapportar frå Norsk takst er påført QR-kode for å sikra mot misbruk og forfalsking. Enkel kontroll ved særskild lenke til originaldokumentet eller med skanning av QR-applikasjon i smarttelefonar og lesebrett.
Rapportar er gyldige under føresetnad av at fakturert honorar er betalt.

Betalingsvilkår

Avtala honorar blir fakturert via e-post med 14 dagar betalingsfrist rekna frå fakturadato. Rekvirent er fakturamottakar og ansvarleg for rettidig oppgjer. Faktura blir laga av Svea Finans som også fylgjer opp innbetaling.

Vår Personvernerklæring.

Prisar og vilkår sist oppdatert 16.06.2022